Under president Xi Jinping går Kina i ei farleg, totalitær retning. Kommunistpartiet vil skapa ein lojal, ateistisk generasjon og har sett i gang storstilte kampanjar for «å reinsa landet». Menneskerettar er under hardt press. Religion som blir utøvd i former regimet ikkje har kontroll på, blir stempla som farleg.

Det anerkjende magasinet Bitter Winter rapporterer om kampanjar på skular og universitet i fleire provinsar. 4. april vart ein stor plakat hengd opp på ein grunnskule i byen Shangqiu i Henan-provinsen: «Slutt resolutt opp om den strategiske planen frå Sentralkomiteen i Kommunistpartiet og Statens råd for å lansera ein særskilt kamp for å fjerna gjengkriminalitet og eliminera vondskap».

Same dagen inviterte skulen elevar og lærarar til å signera eit løfte om «ikkje å gå inn i noko religiøst lokale». Ein ungdomsskule ikkje langt unna gjennomførte ei liknande signering. Ein elev var fortvilt, melder Bitter Winter: «Vi veit ikkje kva religion er. Rektor sa at vi ikkje fekk lov til på dra frå skulen før vi hadde skrive under. Lærarane signerte først, og vi etterpå. Medan vi skreiv namna våre, stod lærarane og følgde oss og tok bilete av oss. Vi hadde ikkje noko val, vi måtte skriva under.»

Det siste året har vore svært ille for trusfridommen i Kina. Året starta med at den store kyrkja Golden Lampstand (Gylne Lysestake) i Shanxi 18. januar vart jamna med orda med dynamitt og gravemaskiner. 1. februar tok ei sterkt innstramma religionslov til å gjelda. Den forbyr «uautorisert» religiøs undervisning, det inneber forbod mot trussamfunn som ikkje registrerer seg og godtek statleg kontroll. Mange kyrkjer har lenge nekta å registrera seg fordi dei ikkje vil godta politisk innblanding. Sidan 1990-talet har regimet likevel sett mellom fingrane med uregistrerte kyrkjer, jamvel på gateplan i store byar. Men no blir det slått hardt ned.

22. september i fjor signerte Vatikanet og Kina ein avtale som gjorde at Paven oppheva ekskommuniseringa av sju statsgodkjende katolske biskopar, i byte mot vetorett over framtidige statlege bispeutnemningar. Men avtalen er kontroversiell fordi regimet brukar den for å rettferdiggjera presset for å få prestar og kyrkjefolk i undergrunnskyrkjene til å slutta seg til den statsgodkjende Chinese Catholic Patriotic Association (CCPA).

Kinesisk grunnlov garanterer trusfridommen, men berre «normal religiøs aktivitet».

I oktober og november blei fire prestar i ei katolsk undergrunnskyrkje i Henan–provinsen der innstramminga er hardast – sett i varetekt. Dei vart pressa til å møta CCPA-biskopane som ville overtyda prestane om at dei måtte slutta seg til den statsgodkjende kyrkja. Det fortel United States Commission on Interational Religious Freedom (USCIRF) i ein fersk og alarmerande årsrapport. Trass i – eller på grunn av – avtalen med Vatikanet vart undertrykkinga av katolikkar forsterka i fjor haust.

Dei mange uregistrerte protestantiske kyrkjene vert også utsette for hardt press for å bli med i den statsgodkjende kyrkja – Tre Sjølv Patriotiske Bevegelse. USCIRF-rapporten siterer advokatar som kjempar for trusfridom og som fortel at minst 5000 kristne og 1000 kyrkjeleiarar vart arresterte i 2018. Mange arrestasjonar er kortvarige utan at det vert reist tiltale. Men skremselstaktikken viser at regimet meiner alvor. To som framleis er arresterte, er pastor Wang Yi og kona hans i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu i Sichuan-provinsen. Over 100 kyrkjemedlemmar blei arresterte i ein stor aksjon i starten av desember. Studentar vart forviste frå byen. Kyrkja vart gjort til politistasjon på julekvelden. I august blei den store uregistrerte Zion-kyrkja i hovudstaden Beijing stengd.

Fleire tusen uregistrerte kyrkjer er jamna med jorda. Men det finst gode døme på at også kyrkjebygg i dei statsgodkjende kyrkjene er knuste – Bitter Winter har ein svært talande video av ein brutal aksjon med gravemaskiner.

Mange kyrkjer har lenge nekta å registrera seg fordi dei ikkje vil godta politisk innblanding.

Kinesisk grunnlov garanterer trusfridommen, men berre «normal religiøs aktivitet». For vel eit år sidan kom eit tydeleg direktiv om at all religion skal bli meir «kinesisk». Det rammar både protestantisk og katolsk kristendom, buddhisme, islam og taoisme. Krossteikn blir erstatta med kinesiske flagg. Sosialistiske songar må syngast i gudstenester.

Statskontoret for religiøse saker er dessutan nyleg flytta frå staten til kommunistpartiet.

Kinesiske styresmakter brukte 26 dagar i februar og mars på knusa over 5900 taoistiske tempel, melder den kristne trusfridomsorganisasjonen ChinaAid. Slikt har ikkje skjedd sidan den brutale Kulturrevolusjonen – då all religion var forboden og truande blei forfølgde. Både ChinaAid og Forbes melder om øydelegging av moskear.

Minst 5000 kristne og 1000 kyrkjeleiarar vart arresterte i 2018.

Regimet vil også øydeleggja den kulturelle arven til religiøse og etniske minoritetar. Rapportane om internering av minst ein million uigur-muslimar i omskoleringsleirar i Xinjiang har vore hjarteskjerande. Regimet påstår at dei vil kontrollera ekstremisme, men ved å internera ein million menneske – og heile familiar, viser dei ein farleg vid definisjon av ekstremisme. Minst 900 Falun Gong er arresterte fordi dei praktiserer trua si og distribuerer litteratur, fortel USCIRF.

Utanrikskomiteen i Stortinget tok – etter litt famling – heldigvis opp FN-rapportane om uigurane i september. Den tragiske situasjonen for trusfridommen er det knapt nokon som tek opp.

Europaparlamentet gav i ein resolusjon sist månad uttrykk for sterk uro over innstramminga i trusfridommen. Men då EU og Kina nyleg møttest på maktpolitisk toppnivå, stod det i den felles fråsegna ikkje eitt ord om den alarmerande utviklinga. Etter ein kort og generell referanse til menneskerettane innleiingsvis, kom avsnitta i tur og orden om handel, teknologi og samarbeid.

Vi må gjerne eksportera varer og kultur. Men dei som får kyrkjene eller templa sine jamna med jorda og blir arresterte for trua si, fortener meir enn at vi berre tenkjer pengar på gjesting i Beijing.